Barokkgitar

'Gitarspeleren'. Måleri av Johannes Vermeer frå rundt 1672.

Barokkgitaren er ein gitar frå barokktida (ca 1600-1750) og er ein forløpar for den moderne klassiske gitaren. Nemninga blir òg brukt om moderne instrument som blir bygd etter same modell.

Instrumentet var mindre enn ein moderne gitar, var av ein lettare konstruksjon og hadde tarmstrenger. Tverrbanda på gripebrettet var vanlegvis òg laga av tarm og vart bunde på halsen. Eit typisk instrument hadde fem strengekor der fire eller fem bestod av eit sett dobbeltstrenger slik at mengda enkeltstrenger var ni eller ti.

Om utviklinga frå femskors barokkgitar til moderne seksstrengs gitar, sjå mandora.


Developed by StudentB