Bregagliafjella

Bregagliafjella
Fjellkjede
Utsyn over landsbyen Soglio (i framgrunnen) til toppane i det vestlege Bregaglia – Sciora (venstre), Piz Cengalo (venstre for midten) og Piz Badile (midten)
Land  Italia,  Sveits
Regionar Graubünden, Lombardia
Del av Alpane
Høgaste punkt Monte Disgrazia
 •  høgd 3 678 moh.
 - koordinatar 46°16′09″N 9°44′57″E / 46.26917°N 9.74917°E / 46.26917; 9.74917
Kart
Bregagliafjella
46°18′N 9°43′E / 46.3°N 9.71°E / 46.3; 9.71

Bregagliafjella er ei fjellkjede av granitt i Graubünden i Sveits og Sondrio i Italia. Ho har fått namn etter den italienske dalen Val Bregaglia (tysk Bergell). Andre namn på fjellgruppa er Val Masino-Alpane og Masino-Bregaglia-Disgrazia, som er hovudryggen. Vicosoprano (1 067 m) er den største busetnaden i den sveitsiske delen av fjella.

Fjellkjeda er eit populært område for fjellklatring og inneheld toppar som Monte Disgrazia, Piz Cengalo og Piz Badile.

Ei kabelvogn går frå Pranzaira til Albignasjøen og Albignahytta (2 331 m) ligg 30-45 minutta til fots frå endestasjonen.


Developed by StudentB