Document.no | |||
| |||
Type nettstad | Nettavis | ||
---|---|---|---|
Tilgjengeleg på | Norsk | ||
Grunnlagd | 14. januar 2003 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Eigar | Document.no AS | ||
Nettstad | www |
Document.no er ei norsk nettavis som inneheld politisk analyse, kommentarar, essay og reportasjar og som gjev ut bøker innan politisk filosofi på Document forlag. Nettstaden har hovudvekt på norsk og europeisk politikk med fokus på utfordringar knytte til innvandringar og møte mellom islamske- og andre kulturar. Document.no dekker også internasjonal politikk og har eiga spalte med gjesteskribentar frå inn- og utland. Nettstaden presenterer også kunstnerisk stoff innan litteratur, biletkunst og musikk.
Talet på unike lesarar per månad låg i april 2012 på over 50 000.[1] Nettstaden oppgav i juni 2015 å ligge stabilt på om lag 100 000 unike lesarar,[2] og oppgav nær 270 000 lesarar for september 2016.[3] Document.no er eigd og utgjeve av aksjeselskapet med same namn. Hans Rustad er redaktør og Hanne Tolg Parminter er dagleg leiar.