Farkost

Farkostar på Ganges i Varanasi.

Farkost er eit omgrep som blir nytta om båtar og skip. I fylgje Godal[1] er ein båt ein farkost som er mindre enn ei jekt eller eit fartøy. Eit skip blir da ein farkost som er større enn ei jekt. Ut frå dette hamnar jekta, og kanskje jakta, i ei midtstilling mellom båt og skip/fartøy. Ofte blir jekter rekna som skip, men dei mindre tendringane blir sett på som båtar. Ein farkost som er så liten at han kan roast blir sett på som båt, medan farkostar som er så store at dei lyt seglast blir sett på som skip.

  1. J.B. Godal, Tre til båtar, Landbruksforlaget, 2001.

Developed by StudentB