Foiditt er ein vulkansk bergart der feltspatoidar utgjer meir enn 60 % av summen av dei lyse minerala. Dei blir vanlegvis gjeve ved namnet på feltspatoidet, til dømes nefelinitt og leucittitt. Dei tilsvarande djupbergartane vert kalla foidolittar, og til desse høyrer serien urtitt-ijolitt-melteigitt, som finst i Fensfeltet i Telemark og i andre karbonatitt-kompleks.