Gadolinitt-(Y) | |||
Gadolinitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Nesosilikat | ||
Kjemisk formel | (Ce,La,Nd,Y)2FeBe2Si2O10 | ||
Strunz-klassifisering | 09.AJ.20 |
Gadolinitt-(y) er eit svart mineral som er relativt utbreidd på norske granittpegmatittar. Krystallane viser monoklin symmetri, men mineralet opptrer oftast i metamikt tilstand. Den kjemiske samansetjinga er Y2FeBe2O2(SiO4)2, i det vesentlege eit yttrium-jarn-beryllium-silikat. Gadolinitt-(Ce), som er eit tilsvarande mineral med cerium i staden for yttrium, finst på einskilde syenittpegmatittar i området Larvik–Skien.
Det er òg funne i Sverige og USA (Texas og Colorado). Det er kalla opp etter J. Gadolin.