Grotteperler, erteperle eller pisolitt er kuler av kalsiumkarbonat som oppstår i grotter. Perlene vert danna rundt sandkorn eller andre lause kalkpartiklar på starder der vassdropar frå stor høgd treff golvet, slik at partikkelen ikkje ligg i ro medan minerala i vatnet vert pålagra partikkelen. Dette fører til at grupper av kuler ligg laust i kvar si halvkuleforma lomme. Storleiken på perlene varierer frå ca. 1 mm til 15 cm.