Kilereimvariator ein mekanisk transmisjon med variabel utveksling. Variatoren har to akslingar men kvar si kilereimskive. For å endra utvekslingsforhold vert avstanden mellom dei to skivene endra på den eine akslingen, slik at diameteren endra seg. Skivene på den andre akslingen er fjørbelasta, så avstanden mellom skivene tilpassar seg automatisk strekket i reima når skivediameteren på den andre akslingen vert endra. På den måten kan omsetningsforhaldet endrast trinnlaust under belastning.