Ein seier at noko eller nokon har kultstatus dersom dei har ein stor skare av innbitte tilhengjarar. Omgrepet er avleia av religiøse kultar.
Desse tinga, som kan vera alt frå filmar til musikkgrupper til bilar, er ofte ikkje så populære i resten av samfunnet. Dei gjev tilhengjarane eit fellesskap å høyra til, noko som etter kvart kan bli vel så viktig som sjølve kultstatushaldaren.