Kystvakta

Denne artikkelen handlar om den norske Kystvakta. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kystvakt.
KV «Svalbard»

Kystvakta er ei av tre hovudeiningar i det norske Sjøforsvaret. Ho blei oppretta i 1977 i samband med at Noreg etablerte ei økonomisk sone på 200 nautiske mil. Det tidlegare fiskerioppsynet blei lagt ned. Kystvakta sine oppgåver er suverenitetshevding i norske farvatn, fiskeri-, toll- og miljøoppsyn, anløpskontroll, redningsteneste og bistand til havs.

I 2004 blei bruksvaktoppgåvene overførte til bruksvaktsentralen på Sortland. Nye viktige oppgåver for dei store fartøya er slepeoppdrag og oljevern i samband med oljeutvinninga i nord og assistanse ved transport av store mengder olje langs kysten.

I 2013 hadde Kystvakta eit budsjett på ca. 1000 millionar kroner og ca. 370 tilsette. I tillegg er det ca. 80 innleigde frå sivile reiarlag og i støttefunksjonar på land. Ca. 330 vernepliktige gjer førstegangstenesta si i Kystvakta.


Developed by StudentB