Norwegian Shipping and Trade Mission (Nortraship) var ein organisasjon som under andre verdskrigen administrerte den store norske handelsflåten utanfor tyskkontrollerte område. Nortraship vart danna i april 1940 etter at den norske regjeringa hadde rekvirert heile den norske handelsflåten som var utafor tyskkontrollert område.[1] Nortraship-flåten bestod av om lag 1 000 skip;[2] det var det største reiarlaget i verda og bidrog avgjerande til den allierte innsatsen under andre verdskrigen.[note 1] Nortraship vart derimot òg kritisert av britane for å vere for fokusert på profitt og for å bidra for lite på den allierte sida.[3] Frå norsk side vart desse skuldingane møtt med motskuldingar; britane tildekka sine kommersielle interesser med krigsbehov.[4]
Nortraship hadde sine hovudkontor i London og New York, og var aktiv under og etter andre verdskrigen. Nortraship spelte ei avgjerande rolle for Noreg og den norske eksilregjeringa som mangla andre midlar for å støtte den allierte kampen mot aksemaktene. Dei rekvirerte skipa vart levert attende etter at Noreg vart frigjort i mai 1945. Av dei 30 000 sjøfolka i Nortraship omkom rundt 3 000.[note 2] Om lag 500 av skipa til Nortraship gjekk tapt,[5] totalt 1,9 millionar bruttoregistertonn i tonnasje.[5]
Då krigen var over var dei totale disponible midlane til Nortraship om lag 4,5 milliardar norske kroner (1945 verdi),[6] til samanlikning var staten sine samla utgifter for 1945-1946 vel 2 milliardar kroner.[6] Dei ulike forsikringsoppgjera etter tilbakeleveringa av skip var komplisert og tok lang tid; den endeleg rapporten for oppgjeret vart ikkje lagt fram for Stortinget før i 1964.[7] Det endelege overskotet etter oppgjeret med reiarane var på 818 millionar kroner,[8] pengane tilfall statskassen og vart brukt til å dekke underskotet etter eksilregjeringa si tid i London, den såkalla London-rekneskapen.[9] I fleire år etter krigen var det sterk strid om Nortraships Sjømannsfond, kjend som det hemmelege fondet til Nortraship, og saka vart ikkje løyst før i 1972.
Under den kalde krigen vart namnet Nortraship brukt som omgrep på ein beredskapsorganisasjon for handelsflåten av regjeringa,[10] og etter terroråtaket 11. september 2001 har namnet igjen blitt teken i bruk.[note 3]
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «note», men inkje samsvarande <references group="note"/>
-merke vart funne