Olperer | |||
fjell | |||
Olperer i november 2007
| |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Zillertaleralpane | ||
Høgd | 3 476 moh. | ||
Primærfaktor | 1 330 m | ||
Førstestiging | 1867 | ||
Koordinatar | 47°3′11″N 11°39′32″E / 47.05306°N 11.65889°E | ||
Olperer 47°03′11″N 11°39′32″E / 47.053055555556°N 11.658888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Olperer |
Olperer er eit 3 476 meter over havet høgt fjell i Zillertalalpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Fjelltoppen er den høgste på den såkalla Tuxerkammen. Sommarstida vert toppen ofte vitja av turistar som går frå anten fjellhusa Olpererhütte eller Geraer Hütte.
Den 10. september 1867 klatra Paul Grohmann, Georg Samer og Gainer Jackl opp søraustegga og vart dei fyrste menneska på toppen av Olperer.