Rhondda | |||
valdistrikt | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Konstituerande land | Wales | ||
Rhondda 51°36′57″N 3°25′03″W / 51.615938888889°N 3.4175222222222°W | |||
Kart som viser Rhonddas plassering i Wales.
| |||
Wikimedia Commons: Rhondda |
Rhondda er eit dalstrøk og valdistrikt i det sørlege Wales.
Rhondda-dalen består av to dalar, Rhondda Fawr (den store dalen) og Rhondda Fach (den vesle dalen). Både eintalsforma Rhondda-dalen og fleirtalsforma Rhondda-dalane blir brukt som eit fellesomgrep om dei to dalane. Forutan dei store byane Cardiff, Swansea og Newport er Rhondda-dalen, med om lag 60 000 innbyggjarar, eit av dei tettast folkesette områda i Wales. Dalstrøket er nok mest kjent for den historiske tilknytinga si til kolindustrien.[1]