Ruinaulta er ei kløft skapt av Vorderrhein i avfallet etter Flims-raset like oppfor samløpet med Hinter Rhinen ved Reichenau, aust i Sveits. Kløfta vert stundom òg kalla Rhinenkløfta eller Sveitsike Grand Canyon (meir på grunn av storleiken enn likskapen til Grand Canyon). Klippene kring kløfta er fleire hundre meter høge og området er skogkledd med eit rikt dyreliv. Kløfta har lett tilkomst med Rhätische Bahn og er ein populær stad for rafting.