Siffernoteskrift er eit notesystem utvikla for å notere musikktoner med siffer.
På 1800-talet vart eit siffernotesystem bruka ved undervisinga i salmodikonspel på lærarseminara. Systemet vart utbreidd i Sverige og Noreg av musikkpedagogane Johan Dillner og Lars Roverud.
Siffernoteskrifta Roverud bruka, byggjer på dur- og mollskalaen.
Neste skala held fram med (understreka) 2, 3 osv. til dobbelt understreka 1. Skalaen under noterast med overstreka 1, slik at fire påfølgjande skalaer kan noterast slik, uavhengig av toneart:
= = = = = = = - - - - - - - 1 2 3 4 5 6 7 1 2 3 4 5 6 7 1 2 3 4 5 6 7 1 2 3 4 5 6 7 1 - - - - - - - =