Slaps

Slaps i Adirondack-fjella i USA.

Slaps er ei blanding av flytande vatn og is eller ein våt, sørpet type snø.[1] Andre ord på fenomenet er snøslaps,[2] slafs,[3] slufs,[4] sjask[5] og sørpe.[6]

Slaps i Basingstoke i England.

I naturlege omgivnadar oppstår slaps når is og snø smeltar, og vert ofte blanda med skit og andre stoff som gjev den ein grå eller mudderaktig brunfarge. Ofte vil slaps fryse og smelte om ein annan før den forsvinn heilt, og kan ofte blokkere avløp og skape lokale oversymjingar. I område der vegsalting er vanleg oppstår slaps ved lågare temperaturar enn normalt, men berre i dei salta områda. Dette kan føre til slaps av forskjellig konsistens innanfor same geografiske område.

Slaps på rullebanar kan vere eit problem for flytrafikk og kan bremse fly som skal ta av. München-ulukka i 1958, som tok livet av halve fotballaget Manchester United skjedde som følgje av dette.

  1. «slaps» i Nynorskordboka.
  2. «snøslaps» i Nynorskordboka.
  3. «slafs» i Nynorskordboka.
  4. «slufs» i Nynorskordboka.
  5. «sjask» i Nynorskordboka.
  6. «sørpe» i Nynorskordboka.

Developed by StudentB