Sogn

Kart over Sogn og Fjordane med Sogn avmerkt i gult, Sunnfjord i raudt og Nordfjord i blått.

Sogn er ei fellesnemning for kommunane og landområdet kring Sognefjorden. Sogn var tidlegare delt i fogderia Indre Sogn og Ytre Sogn, som saman med Sunnfjord og Nordfjord utgjorde Nordre Bergenhus Amt, fekk seinare namnet Sogn og Fjordane fylke som frå 2020 ligg i Vestland fylke.

Harald Hårfagre arva Sogn og området var soleis det fyrste riket i samlinga hans av Noreg til eit rike. Kaupanger var hovudsete i Sogn frå vikingtid til langt opp i mellomalderen. Her var handel til frå utlandet og innlandet, fylkesting, sysselmannsete med meir.

Heilårsvegen aust - vest gjekk over Filefjellet som er den lettaste og sikraste fjellovergangen vinterstid. Der går vegen den dag i dag der Kong Sverre fekk Kongevegen lagt oppover Lærdalsdalen til Filefjellet.

Vik i Sogn.

Kommunane Aurland, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Vik og Årdal ligg i Sogn. Gulen høyrde til Nordhordland i kyrkjesaker til på 1700-talet, medan i Hyllestad tidlegare har høyrd til Sunnfjord. Oppheim, som no høyrer til Voss, høyrde tidlegare til Aurland prestegjeld og Sogn.


Developed by StudentB