Susanna, Susanne, Susann og liknande namn er kvinnenamn av hebraisk opphav. Dei kjem alle frå namnet שׁוֹשַׁנָּה [šōšannā], som tyder ‘lilje’. Namnet blei til Sousanna på gresk, Susanne og Suzanne på fransk og Susan på engelsk. Det har òg ei rekkje kortformer.
Namnet er best kjend frå Daniels bok, der det er namnet til ei vakker kvinne som badar og blir sett av to eldre menn. Når ho nektar å ligga med dei skulder dei henne for å ha drive hor med ein ung mann. Vitnesbyrdet deira blir gjennomskua fordi dei to nemner to svært ulike tre dette skal ha skjedd under når dei blir avhøyrt i einerom. Soga har inspirert mange kunstverk.
Det finst òg ei Susanna i Lukasevangeliet (8:1-3). Ho var ei av kvinnene som følgde Jesus.
I den katolske kyrkja er Susanna namnet til ein martyr og helgen frå Dalmatia. Ho skal ha vore dottera til den heilage Gabinus av Roma og niesa til paven Caius. Ho blei halshogd i Roma i 295 under keisar Diokletian.