Ei sylinderlinse er ei linse der overflatene er sylinderflater med parallelle aksar, eller der den eine overflata er ei sylinderflate og den andre er plan. Sylinderlinser har same verknad som ei vanleg (sfærisk) linse når ein ser på strålar i eit plan vinkelrett på akseretninga, og same verknad som ei planparallell plate når ein ser på strålar i eit plan parallell med aksen. Dei blir nytta i optiske apparat der ein berre er interessert i å strekkje ut biletet i ei retning, til dømes for å sjå på spektrallinjer, interferensstriper og liknande.