Ullswater

Ullswater
innsjø
Land  Storbritannia
Opphaldstid 350 dagar[1]
Høgd over havet 145 moh.
Lengd 11,8[1] km
Breidd 1,02[1] km
Areal 8,9[1] km²
Middeldjupn 25,3[1] m
Største djupn 63[1] m
Volum 223 x 106[1]
Koordinatar 54°34′39″N 2°52′30″W / 54.5775°N 2.8751°W / 54.5775; -2.8751
Byar Glenridding, Pooley Bridge
Kart
Ullswater
54°34′19″N 2°54′02″W / 54.5719°N 2.9005°W / 54.5719; -2.9005
Wikimedia Commons: Ullswater

Ullswater er den nest største innsjøen i Lake District i England, og er om lag 12 km lang og 1 km brei. På det djupaste er han kring 60 meter.

Ullswater frå Seldom Seen i Glencoynedale.

Innsjøen er skapt av isbrear under den siste istida. Fjella kring Ullswater formar innsjøen som ein lang 'Z' som delar innsjøen i tre delar.

Opphavet til namnet «Ullswater» er uklårt. Somme meiner det kjem frå namnet på ein norsk høvding, Ulf, som styrte over området,[2] men det var òg ein gong ein saksisk lord av Greystoke kalla Ulphus ved innsjøen.[3]

Landsbyen Glenridding ligg ved sørenden av innsjøen, og frå her går mange fotturistar forbi innsjøen på veg til fjella i området, mellom anna det tredje høgaste i England, Helvellyn. Landsbyen Pooley Bridge ligg heilt nord ved innsjøen. Det går fleire båtar på vatnet mellom landsbyane. Det er òg populært å segle på vatnet.

Donald Campbell sette verdsrekorden for høgast fart på vatn på Ullswater den 23. juli 1955, då han fekk vassflyet Bluebird K7 opp i ein fart på 325,53 km/h.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 McNamara, Jane, Table of lake facts, Environment Agency of England og Wales, arkivert frå originalen 28. juni 2009, henta 30. mars 2010 
  2. www.ullswater.visitor-centre.co.uk., arkivert frå originalen 19. august 2007, henta 30. mars 2010 
  3. The Hodgson Clan

Developed by StudentB