1300-talet er hundreåret frå 1300 til 1399 i den julianske kalenderen. Hundreåret hadde klimaendringar med overgangen frå den varme perioden i mellomalderen til den vesle istida. Eurasia opplevde hungersnaud, pest, religiøse og nasjonale konfliktar, men også vekst og nyvinningar, byrjinga på Ming-dynastiet, Det osmanske riket og den europeiske renessansen.