Abkhasia

Аҧсны
Apsny

(norsk: Abkhasia, abkhasisk)

Det abkhasiske flagget Det abkhasiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Aiaaira»
Geografisk plassering av Abkhasia
Offisielle språk Abkhasisk og russisk
Hovudstad Sukhumi
Styresett
Republikk
Aslan Bzhania
Alexander Ankvab
Flatevidd
 – Totalt
 
8 665 km²
Folketal
 – Estimert (2022)
 – Folketeljing (2011)
 – Tettleik
 
244 236
240 705
28,2/km²
Sjølvstende
  - Erklært
Frå Georgia
23. juli 1992
BNP
 – Totalt ()
 – Per innbyggjar
 
mill. USD (.)
USD (.)
Valuta Russisk rubel
Tidssone UTC +3



Abkhasia[a] er ein de facto sjølvstendig republikk innanfor grensene til Georgia. Han ligg ved austkysten av Svartehavet og grensar til Russland i nord. Ingen internasjonale organisasjonar eller land har anerkjend sjølvstyret til Abkhasia, og han vert rekna som ein autonom republikk av Georgia (georgisk: აფხაზეთის ავტონომიური რესპუბლიკა, abkhasisk: Аҧснытәи Автономтәи Республика) med Sukhumi som hovudstad.

Ei lausrivingsrørsle av etniske abkhasarar kravde sjølvstende frå Georgia i 1992 og dette utløyste den georgisk-abkhasiske konflikten frå 1992 til 1993, der den georgiske hæren måtte sjå seg slått. Dette førte vidare til masseutflytting av georgiarar frå Abkhasia. Trass i våpenkvile i 1994 og med fredsbevarande SN-styrkar i området, har ein ikkje kome fram til noko løysing på konflikten, og området er framleis delt mellom dei to rivaliserande styresmaktene. Over 83 % av området er kontrollert av den russiskstøtta separatistregjeringa i Sukhumi, medan resten er styrt av representantar av ein de jure regjering i Abkhasia, det einaste organet som er internasjonalt anerkjend som styresmakt i Abkhasia. Han held til i Kodoridalen, som Georgia har kontroll over.
Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne


Developed by StudentB