Afrika

Satellittbilete av Afrika

Afrika er den nest største verdsdelen, både i folketal og areal, etter Asia. Med ei flatevidd på 30 244 050 km² (inkludert øyane) dekker han 20,3 % av alt landarealet på jorda. Dei 800 millionar afrikanarane utgjer om lag sjuandeparten av alle menneske på jorda.

Arkeologisk og genetisk forsking tyder på at menneskja opphavleg kom frå Afrika og utvandra til resten av verda. Det er her ein finn dei eldste busette områda i verda.

I dag er verdsdelen hovudsakleg kjend for krig, svoltkatastrofar, AIDS-epidemi og fattigdom. Dette er eit noko skeivt bilde, ettersom me sjeldan høyrer om dei afrikanske landa der det går bra. Likevel er det slik at sidan Afrika blei kolonisert har verdsdelen strevd med å koma seg på beina.


Developed by StudentB