Aggregattilstandar |
Aggregattilstandar, fasar eller tilstandsformer er tilstandar eit stoff kan vera i. Dei tre vanlegaste er fast stoff, væske og gass. Plasma er sjeldnare. Vatn finst som is (fast stoff), som væske og som damp (gass).
Tilstandane har ulike eigenskapar. Gassar fyller behaldaren, væsker har fast volum, men formar seg etter behaldaren og faste stoff har same form og volum uavhengig av kva dei vert oppbevarte i.
Trykk og temperatur avgjer kva aggregattilstand eit stoff er i. Eit fasediagram for eit stoff viser ved kva verdiar overgangen mellom fasane skjer for stoffet.