Alice Cooper

Alice Cooper

Cooper, 2016
Fødd4. februar 1948 (76 år)
FødestadDetroit i USA
FødenamnVincent Damon Furnier
AliasAlice Cooper
OpphavUSA
Aktiv1964 til i dag
SjangerRock, hardrock, heavy metal, sjokkrock
InstrumentVokal, munnspel, gitar
Tilknytte artistarAlice Cooper band, Ozzy Osbourne, Slash
PlateselskapStraight, Warner Bros., Atlantic, MCA, Epic, Spitfire, Eagle, New West
Verka somMusikar, skodespelar, DJ
Gift medSheryl Cooper
BornCalico Cooper
PrisarRock and Roll Hall of Fame, æresdoktor, Heritage Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Alice Cooper (fødd Vincent Damon Furnier4. februar 1948) er ein amerikansk songar, låtskrivar og musikar som har hatt ein karriere som spenner over fire tiår. Med sceneshow som omfattar giljotinar, elektriske stolar, falskt blod, slangar og babydukker, har Cooper vore ein pioner innan den teatralske og valdelege heavy metal-stilen kalla sjokkrock.[1]

Alice Cooper var opphavleg namnet på gruppa til Furnier som vart stifta i 1966, og han tok bandnamnet som sitt eige namn då han fortsette som soloartist etter at gruppa vart oppløyst i 1975. Alice Cooper er utsjåandemessig kjent som ein mann med langt mørkt hår, påsminka ringar rundt auga, boaslange rundt halsen og pisk eller stav i handa.

14. mars 2011 vart han teken inn i Rock and Roll Hall of Fame, saman med blant andre Neil Diamond, Darlene Lóve, Dr. John og Tom Waits.

  1. Stephen Thomas Erlewine. «All Music: Alice Cooper». allmusic. Henta 23. oktober 2011. 

Developed by StudentB