Allmenning eller ålmenning, også skrive almenning, viser til ein stad det er allmenn rett til å bruka. Det kan til dømes vera snakk om eit beiteområde i skog eller hei, om ei eng i ein landsby eller ein open plass i ein by.
For å få bruksrett på allmenningsrettsleg grunnlag, må ein ha ei viss tilknyting til allmenningen. Allmenningsrettsleg hogstrett i bygdeallmenningar kan gjelda gardbrukarar i bygda allmenningen høyrer til. Allmenningsrettsleg jaktrett i statsallmenningar kan gjelde folk busette i kommunen allmenningen ligg i.
Allmenning er òg eit stadnamn som kan visa til: