Amin

Generell struktur for sekundære amin.

Amin er ei gruppe organiske sambindingar som inneheld eit eller fleire nitrogenatom. Nitrogenatomet er sp3-hybridisert og trivalent.

Strukturen minnar om ammoniakk, men eitt eller fleire av hydrogenatoma er bytt ut med ei organisk gruppe. Dette kan vera alkyl- eller arylgrupper. Dersom ei karbonylgruppe (C=O) er bunde til nitrogenatomet, vert stoffet kalla eit amid. Amin kan vera alifatiske eller aromatiske.

Amin kan vera primære. Da er ei alkylgruppe og to hydrogenatom bunde til nitrogenatomet. I sekundære amin er nitrogenatomet bunde til to alkylgrupper og eit hydrogenatom, og tertiære amin har tre alkylgrupper bunde til nitrogenatomet.


Developed by StudentB