Antigua and Barbuda
(norsk: Antigua og Barbuda, antiguansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Fair Antigua, We Salute Thee» | ||||||
Motto | Each Endeavouring, All Achieving (engelsk: Kvar forsøker, alle oppnår) | ||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Saint John's | ||||||
Styresett |
Monarki Charles III Gaston Browne | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
443 km² (184.) nær 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
94 731 (186.) 213,8 /km² (42.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
1. november 1981 | ||||||
Nasjonaldag | 1. november | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
2 096 mill. USD (177.) 24 700 USD (56.) | ||||||
Valuta | Austkaribisk dollar | ||||||
Tidssone | UTC -4 | ||||||
Telefonkode | +1-268 | ||||||
Toppnivådomene | .ag
|
Antigua og Barbuda er ein liten øystat som ligg mellom den austre delen av Det karibiske havet og Atlanterhavet. Etter å ha vore britisk koloni sidan 1632 blei landet sjølvstendig i 1981. Geografisk blir landet rekna til øygruppa Leewardøyane som igjen er ein del av Dei små Antillane. Dei omliggende øystatene er Guadeloupe i sør, Montserrat i sørvest, Saint Kitts og Nevis i vest og Saint-Barthélemy og Saint Martin i nordvest.
Hovudøya Antigua ligg 40 km sør for Barbuda. Ei mindre øy, Redonda, og fleire småøyer høyrer også til staten.[1] Hovudstaden og største by er Saint John's på Antigua.[1] Øystaten er ein del av det britiske samveldet og engelsk er offisielt språk.[1] Den britiske monarken Charles III er statsoverhovud.