Arbeidarpartiet | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Jonas Gahr Støre | ||
Generalsekretær | Kjersti Stenseng | ||
Grunnlagt | 22. august 1887 | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Ungdomsorg. | Arbeidarane si ungdomsfylking | ||
Medlemstal | 48 444 (2022)[1] | ||
Ideologi | Sosialdemokrati | ||
Politisk posisjon | sentrum-venstre | ||
Farge | Raud | ||
Slagord | «De store oppgavene løser vi best sammen» | ||
Ordførarar | 201 / 428
| ||
Kommunestyre- representantar | 3 460 / 10 620
| ||
Fylkestings- representantar | 277 / 777
| ||
Stortings- representantar | 49 / 169
|
Arbeidarpartiet (Ap) er eit norsk sosialdemokratisk politisk parti. Det blei stifta i Arendal i 1887 og har vore det største norske politiske partiet ved alle vala sidan 1927. Leiaren for partiet er Jonas Gahr Støre, nestleiar er Hadia Tajik, medan Kjersti Stenseng er partisekretær.
Frå 2005 til 2013 sat Ap i regjering med Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Dette var første gongen partiet delte regjeringsmakta med andre parti, bortsett frå åra 1940–1945, under og like etter andre verdskrig. Jens Stoltenberg var partileiar frå 2002 til 2014 og statsminister frå 2005 til 2013.
Ved stortingsvalet i 2017 fekk partiet 27,4 prosent oppslutning. Med ein tilbakegang på 3,5 prosentpoeng frå 2013 og eit tap på seks representantar var dette det nest dårlegaste valresultatet for partiet etter den andre verdskrigen og Arbeidarpartiet gjekk tilbake i alle fylka.
Ungdomsorganisasjonen til partiet heiter Arbeidarane si ungdomsfylking (AUF), med Astrid Hoem som leiar.[2]