Arcangelo Corelli | |||
| |||
Fødd | 17. februar 1653 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fusignano ved Ravenna, då Kyrkjestaten | ||
Død | 8. januar 1713 (59 år) | ||
Dødsstad | Roma | ||
Opphav | Kyrkjestaten | ||
Periode | Barokken | ||
Aktiv | 1672 - 1713 | ||
Instrument | Fiolin, piano, bass, trommer, mandolin, ukulele, banjo | ||
Verka som | Komponist |
Arcangelo Corelli (fødd 17. februar 1653 i Fusignano i Ravenna, død 8. januar 1713 i Roma) var ein italiensk komponist og fiolinist.
Ein kjenner lite til det tidlege livet hans, men han fekk undervisning i fiolin hos Giovanni Battista Bassani og lærte komposisjon hos Matteo Simonelli, ein kjend songar i pavekapellet. Corelli studerte vidare i Bologna frå 1666 og vart teken opp ved Accademia Filarmonica då han var berre 17 år. I 1671 spelte han, 19 år gammal, i Paris. Dette vart ein stor suksess, noko som medførte at Corelli vart eit kjent namn i Europa. Frå Paris reiste han til Tyskland. I 1675 spelte han førstefiolin i orkesteret.
I 1681 var Corelli i teneste hos prinsen av Bayern og mellom 1680 og 1685 arbeida han saman med venen og kollegaen Cristiano Farinelli (som ein trur er onkelen til den kjende kastratsongaren Farinelli).
I 1685 var Corelli tilbake i Roma, som kammermusikar hos den svenske dronninga Christina av Sverige i Roma. Til henne tileigna han sine 12 trio sonatas da chiesa op.1 frå 1681. Corelli og dronning Christina trefte kvarandre tidleg i karrieren til Corelli og ho vart avgjerande for utviklinga til den unge komponisten - Christina vart mesénen hans. Av beundrarane hans var òg kardinal Pietro Ottoboni, grandnevø av den andre kardinal Pietro Ottoboni som i 1689 vart pave Alexander VIII). Frå 1689 til 1690 oppheldt Corelli seg i Modena, då hertugen av Modena støtta han.
Etter 1708 trekte Corelli seg tilbake frå ålmenta. Han budde i palasset til kardinal Ottoboni i Roma, men vitja kongen av Napoli same år, etter invitasjon frå kongen personleg.
Corelli laga knapt noko bruksmusikk, men fokuserte på kunstmusikk. Som fiolinlærer var han krevjande og forlangte både disiplin og skarp presisjon. Det er likevel sagt om Corelli at personlegdomen hans stemde overeins med namnet hans, han hadde tolmodet til ein erkeengel. Musikken til Corelli vart framheva av etterfølgjande kollegar til langt inn på 1800-talet. François Couperin, Vivaldi, Telemann, Giuseppe Tartini, Bach og Sergej Rachmaninov har alle hylla Corelli, gjennom i eigne verk å bygge på ideane hans.
Corelli er gravlagd i Pantheon i Roma.