Arthur Rimbaud | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 20. oktober 1854 Charleville |
Død |
10. november 1891 (37 år) |
Yrke | lyrikar, våpenhandler, oppdagar, globetrotter, militær |
Religion | katolisisme |
Far | Frédéric Rimbaud |
Mor | Vitalie Rimbaud |
Arthur Rimbaud på Commons |
Jean Nicolas Arthur Rimbaud (20. oktober 1854–10. november 1891) var ein fransk poet som vart fødd i Charleville i Ardennes, nordaust i landet. Han vart fødd som det andre barnet i familien, og fekk sidan tre småsysken. Faren var infanterikaptein, og var berre heime hjå familien når han hadde permisjon. Slik gjekk han glipp av både barnefødslene og dåpsseremoniane til borna. Frå og med 1860 slutta faren med å koma heim på perm. Paret skilde seg aldri, men mora kalla seg heretter «enkjefru Rimbaud» og faren presenterte seg som enkjemann.