Azərbaycan Respublikası
(norsk: Aserbajdsjan, aserbajdsjansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Azərbaycan marşı» | ||||||
Offisielle språk | Aserbajdsjansk (Nordaserbajdsjansk) | ||||||
Hovudstad | Baku | ||||||
Styresett |
Republikk İlham Əliyev Artur Rasizadə | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
86 600 km² (112.) Ubetydeleg | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
9 961 396 (91.) 115 /km² (71.) | ||||||
Sjølvstende frå Sovjetunionen |
30. august 1991 | ||||||
Nasjonaldag | 28. mai | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
174 300 mill. USD (65.) 20 500 USD (67.) | ||||||
Valuta | Manat | ||||||
Tidssone | UTC +4 | ||||||
Telefonkode | +994 | ||||||
Toppnivådomene | .az
|
Aserbajdsjan, offisielt Republikken Aserbajdsjan (aserbajdsjansk Azərbaycan Respublikası) er ein republikk i den søraustlege delen av Kaukasia, og det største landet i denne regionen. Mesteparten av landet ligg i Asia, men ein liten del ligg på europeisk side nord for Kaukasus. Aserbajdsjan grensar til Armenia, Georgia, Iran, Russland, Tyrkia og Kaspihavet. Eksklaven Nakhitsjevan grensar til Armenia i nord og aust, Iran i sør og vest og har ei kort grense mot Tyrkia i nordvest.
Aserbajdsjan har ei eldgamal og historisk kulturarv. Landet var av fødestadene til mennesket og ligg i hjartet av dei gamle sivilisasjonane.[1] Landet er kjent for å vere blant dei mest progressive og sekulære islamske samfunna i verda. I tillegg til å vere det første muslimske landet til å byggje operaer, setje opp teaterstykke og vere ein demokratisk republikk, er Aserbajdsjan i dag av dei muslimske landa der støtta for sekularisme og toleranse er høgast.[2] Den demokratiske republikken Aserbajdsjan var den første demokratiske og sekulære republikken i den muslimske verda,[3][4][5] vart oppretta i 1918, men vart innlemma i Sovjetunionen i 1920.[6][7] Aserbajdsjan vart anerkjend som sjølvstendig nasjon i 1991. Kort tid etter, under Nagorno-Karabakh-krigen, okkuperte nabolandet Armenia Nagorno-Karabakh, omliggjande område og enklavane Karki, Yukhary Askipara, Barkhudarly og Sofulu. Republikken Nagorno-Karabakh, som oppstod som følgje av dette, er framleis ikkje diplomatisk anerkjend av andre land, og regionen er framleis de jure rekna som ein del av Aserbajdsjan, trass i at det de facto har vore sjølvstendig sidan slutten av krigen.[8]
Aserbajdsjan er ein sekulær og unitær republikk. Han er ein av dei seks sjølvstendige tyrkiske statane, og ein aktivt medlem av Det tyrkiske rådet og TÜRKSOY-samfunnet. Aserbajdsjan har diplomatiske tilhøve med 158 land og er medlem i minst 38 internasjonale organisasjonar.[9] Han er ein av dei grunnleggjande medlemene av GUAM, organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen og Samveldet av uavhengige statar (SUS).[10] Den 9. mai 2006 vart Aserbajdsjan vald som medlem i det nyoppretta Menneskerettsrådet av SNs generalforsamling.[11] Ei spesialutsending frå Europakommisjonen held til i landet, som òg er medlem av Dei sameinte nasjonane, OSSE, Europarådet, og NATO sitt Partnarskap for fred-program. Aserbajdsjan er medlem av Organisasjonen av alliansefrie nasjonar, korrespondent i International Telecommunication Union og har observasjonsstatus i Verdshandelsorganisasjonen.[9][12] 1. januar 2012 vart landet medlem av Tryggingsrådet i SN for to år.[13]
Den aserbajdsjanske grunnlova nemner ikkje ein offisiell religion, men flesteparten av innbyggjarane er sjiamuslimar. Den muslimske identiteten er meir basert på kultur og etnisitet enn religion, og Aserbajdsjan er rekna som ein av dei mest liberale av dei større muslimske nasjonane.[14] Etter å ha fått sjølvstende har Aserbajdsjan nådd eit høgt nivå av samfunnsutvikling, økonomisk utvikling, levestandard og lesekunne saman med låg arbeidsløyse og sjølvmordsrate samanlikna med andre austeuropeiske og SUS-land.[15] På den andre sida er korrupsjon utbreidd, særleg i det offentlege.[16]