Aten | ||
---|---|---|
Akropolis i Aten | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Periferi Periferieining |
Hellas Attikí Sentral-Aten | |
Grunnlagd | 2000-talet fvt. | |
Geografi | ||
Flatevidd - By - Storbyområde |
38,964 km² 411,717 km² | |
Innbyggjarar - By (2021[1]) - folketettleik - Storbyområde |
643 452 16 514,0/km² 3 090 508 | |
Koordinatar | 37°58′00″N 23°43′00″E / 37.96667°N 23.71667°E | |
Høgd over havet | 70-338 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 10x xx, 11x xx, 120 xx | |
Telefon-retningsnummer | 21 | |
Bilnummer | Yxx, Zxx, Ixx (men ikkje INx) | |
Heimeside: www.cityofathens.gr |
Aten, eller Athen, gresk Athína (Αθήνα), er hovudstaden i Hellas, og ligg sørvest i landet. Byen er den største i Hellas med om lag 2 650 000 innbyggjarar i byområdet, medan storbyområdet (Athen og Pireus) har rundt 3 100 000 innbyggjarar. Folketalet har vakse kraftig i dei siste tiåra, og Aten er prega av trafikkproblem og luftureining. I dag er den greske hovudstaden det 8. største storbyområdet i Europa. Storbyområdet er eit økonomisk, industrielt, politisk og kulturelt senter i Hellas. Byen er òg vorte eit handelssenter i EU. Sjølve byen har eit areal på 39 km², medan storbyområdet har eit areal på 412 km².
Aten var eit senter for kunst, kunnskap og filosofi, heimstad for Platon sitt akademi og Aristoteles sitt Lykeion. Aten var òg fødestad for Sokrates, Perikles, Sofokles og mange andre framståande filosofar, forfattarar og politikarar i antikken. Ofte vert byen kalla vogga til den vestlege siviliasjonen[2] og fødestaden til demokratiet,[3] hovudsakleg på grunn av det atenarane oppnådde kulturelt og politisk på 400- og 300-talet f.Kr.[4]
Arva frå antikken er framleis godt synleg i byen, som ein kan sjå på dei mange antikke monumenta og kunstverka. Mest kjend av alle er Parthenon på Akropolis, som står som eit episk landemerke for den vestlege sivilisasjonen. Byen inneheld òg mange monument frå romersk og austeromersk tid.
Aten var vertsby for dei første moderne olympiske leikane i 1896, og 108 år seinare var dei igjen vertsby for sommar-OL.
Frå 2011 er Aten ein del av periferieininga Sentral-Aten i periferien Attikí.