Atlantic Records | |||
| |||
Skipa | 1947 | ||
---|---|---|---|
Eigar | Warner Music Group | ||
Morselskap | Warner Music Group | ||
Hovudkontor | USA | ||
Land | USA | ||
Grunnleggjar(ar) | Herb Abramson | ||
Nettstad | http://www.atlanticrecords.com (engelsk) |
Atlantic Records (Atlantic Recording Corporation) er eit amerikansk plateselskap som er ått av Warner Music Group. Det vart stifta i 1947 av Ahmet Ertegün og Herb Abramson.[1][2] Plateselskapet er mest kjent for satsinga si hovudsakleg innan musikksjangrar som rhythm & blues, rock 'n' roll og jazz, men har òg fleire artistar i sjangrane rock, pop, hardrock og progressiv rock.[3] Atlantic Records var lenge eit av dei viktigaste og største uavhengige plateselskap i USA, men er i dag ein del av Warner Music Group, som slo saman Atlantic Records og Elektra Entertainment Group til Atlantic Records Group i 2004.[4]