Baku

Baku
Bakı
by
Utsyn over Baku frå Sjahidlarmonumentet.
Foto: Frode H. Korneliussen
Land  Aserbajdsjan
Høgd −28 m
Areal 2 140 km²
Folketal 2 300 500 (1. januar 2021)[1]
Postnummer +99450
Retningsnummer 012
Kart
Baku
40°22′00″N 49°50′07″E / 40.366655555556°N 49.835183333333°E / 40.366655555556; 49.835183333333
Wikimedia Commons: Baku
Jomfrutårnet i den gamle bydelen i Baku.

Baku (aserbajdsjansk Bakı) er hovudstaden og den største byen i Aserbajdsjan. Han er òg den største hamnebyen i landet og i heile Kaukasus. Byen ligg på sørsida av Absjeronhalvøya og består i hovudsak av tre delar: gamlebyen (İçəri Şəhər), oljebyen frå tidleg 1900-tal og den sovjetiskbygde delen av byen. Dei fyrste skriftlege kjeldene nemner byen på 600-talet, men byen kan ha vore grunnlagd fleire hundre år før. Byen hadde i 2011 litt over 2 millionar innbyggjarar, medan storbyområdet kring Baku har omkring 3 millionar innbyggjarar.[2][3]

Gamlebyen i Baku i lag med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 2000.[4] Ifølgje rangeringa til Lonely Planet er Baku òg av dei ti beste utelivsbyane i verda.[5]

Baku er delt inn i elleve administrative distrikt (rajon) og 48 bydelar. Av desse finst bydelane på øyane i Bakubukta og byen Neft Daşları (Oljeklippene), som er bygd på stylter i Kaspihavet, 60 km frå Baku.

Byen er det økonomiske og kulturelle sentrumet i Aserbajdsjan. Mange store aserbajdsjanske institusjonar har hovudkvartera sine der, som SOCAR, eit av dei 100 største selskapa i verda.[6] Økonomien i Baku er mykje grunna på petroleumsverksemd. Heilt sidan 700-talet har det vore kjend at området har rike førekomstar av petroleum.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.baku.azstat.org/section/demography/001.xls.
  2. Bakı şəhəri - Azərbaycan Dövlət Statistika Komitəsi
  3. «Population by economic and administrative regions, urban settlements at the beginning of the 2009». Henta 9. august 2010. 
  4. «Walled City of Baku with the Shirvanshah's Palace and Maiden Tower» (på engelsk). Unesco. Henta 4. november 2024. 
  5. «Travel Picks: Top 10 cities to party the night away». Reuters. Henta 8. august 2010. 
  6. State Oil Company of Azerbaijan Republic: Transition from National to Transnational Company or Demand of Time?, arkivert frå originalen 11. januar 2012, henta 9. august 2010 

Developed by StudentB