Ballangen | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Narvik | ||
Areal | 1,01 km² | ||
Folketal | 817 (2023) | ||
Folketettleik | 809 / km² | ||
Postnummer | 8540 BALLANGEN | ||
Ballangen 68°20′37″N 16°50′00″E / 68.34361111°N 16.83333333°E | |||
Wikimedia Commons: Ballangen (village) |
Ballangen (nordsamisk Bálák) er ein tettstad i Narvik kommune i Nordland. Fram til 2020 var staden administrasjonssenteret i Ballangen kommune. Tettstaden ligg inst i Ballangsfjorden og har 817 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Ballangen har verkstadindustri, to daglegvarebutikkar, grunnskole og barnehage. Like utanfor tettstaden ligg Ballangen Museum som presenterer den omfattande gruveverksemda som har vore i Ballangen sidan 1600-talet.[1]
Ballangen ligg ved E6, som går gjennom kommunen. Fylkesveg 819 forbind tettstaden med Kjeldebotn i nordvest. Frå Kjeldebotn går det hurtigbåtrute mellom Narvik og Svolvær. Det er også hurtigbåtsamband med Harstad/Narvik lufthamn på Evenes, og med Harstad. Både Kjeldebotn og Ballangen har gode hamner og kaianlegg.[2]