Klassisk musikk | |
Mellomaldermusikk | (476 – 1400) |
Renessansen | (1400 – 1600) |
Barokken | (1600 – 1760) |
Rokokko | (1720 – 1770) |
Wienerklassisismen | (1730 – 1820) |
Romantikken | (1815 – 1910) |
Barokkmusikk skildrar ein stil i europeisk kunstmusikk i omtrent perioden 1600 til 1755.[1] Perioden starta etter renessansen og vart etterfølgd av klassisismen. Stilarten er knytt til komponistar som Johann Sebastian Bach, Antonio Vivaldi, Jean-Baptiste Lully, Arcangelo Corelli, Claudio Monteverdi, Jean-Philippe Rameau og Henry Purcell. I barokken vart funksjonell tonalitet til. I denne perioden nytta komponistar og dei utøvande musikarane meir utførleg musikalske utsmykkingar, gjorde endringar i den musikalske notasjonen og utvikla nye speleteknikkar på instrumenta. Barokkmusikken utvida storleiken, rekkevidda og kompleksiteten til den instrumental framføringa og opera vart grunnlagd som ein musikksjanger. Mange musikalske uttrykk og omgrep frå denne perioden er framleis i bruk i dag.