Belmopan | |||
by | |||
Motto: City of Promise | |||
Kallenamn: Hagebyen | |||
Land | Belize | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Cayo | ||
Høgd | 76 m | ||
Areal | 32 780 000 km² | ||
Folketal | 17 222 (2013) | ||
Grunnlagd | 1966 | ||
Tidssone | CST (UTC-6) | ||
- Sommartid | CDT (UTC-5) | ||
Belmopan 17°15′00″N 88°46′03″W / 17.25°N 88.7675°W | |||
Kart som viser Belmopan.
| |||
Wikimedia Commons: Belmopan |
Belmopan er hovudstad i Belize og har eit folketal på nesten 17 000. Byen ligg 76 meter over havet og sentralt i landet, ved Roaring Creek, like aust for Belizeelva.
Belmopan ligg 80 km sørvest for Belize City, den tidlegare hovudstaden i dåverande Britisk Honduras. Hovudstaden vart føreslått flytt etter at Belize City nesten vart jamna med jorda etter ein orkan i 31. oktober 1961.
I 1966 vart Belmopan grunnlagd med støtte frå Storbritannia, og i 1970 flytta regjeringa i Belize hit. Regjeringsbygget vart bygd for å etterlikna klassisk mayaarkitektur. Byen vart den gong planlagd for 40 000 innbyggjarar, men det varme og fuktige klimaet har halde mange innbyggjarar unna. På grunn av dette er Belmopan ein av dei minste hovudstadane i verda.