Bengali বাংলা, bangla, bangala, bangla-bhasa | ||
Klassifisering | indoeuropeisk indoiransk indoarisk apabhransa avahatta bengali | |
Bruk | ||
Tala i | Bangladesh, India og nokre andre land | |
Bengalitalande i alt | 207 millionar | |
Rangering | 4 | |
Skriftsystem | Bengali | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Bangladesh og dei indiske statane Vest-Bengal og Tripura | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | bn | |
ISO 639-2 | ben | |
ISO 639-3 | ben | |
|
Bengali eller bangla (বাংলা [bāŋlā]) er eit indoarisk språk som hovudsakleg vert tala i Bangladesh og i dei indiske delstatane Vest-Bengal og Tripura. Det har utvikla seg frå sanskrit, pali og prakrit.
Bengali vert skrive med eit eige alfabet, bengaliskrift, som er i slekt med devanagari (hindiskrift). Tidlegare brukte ein også prachalit nepal (nepaliskrift) til å skriva språket.