Betong er eit byggjemateriale som vert laga ved å blanda sement og vatn med sand, stein (pukk) og andre tilsetjingsstoff. Sementen reagerer kjemisk med vatnet i ein prosess kalla hydratisering og blandinga stivnar. Betong kan støypast i faste former eller i forskalingar.
Armering, det vil seie å styrke konstruksjonen ved å plassere eit system av stålstenger, stålnett eller liknande i betongen, skjer som slakkarmering eller spennarmering. I det siste høvet vert armeringa sett under spenn eller strekk før ein støyper. Då vert det overført krefter til betongen som trykkjer han saman. Slakkarmering er tradisjonelle armeringsstenger som vert støypte inn i betongen. Båe typane av armering blir gjort av stål og plassert i forma eller forskalinga før betongen vert fylt i.
Riktig produsert og med normal bruk held betongen lenge og har stor styrke. Ein kan nytta han i faste anlegg som hus, bruer, demningar, golv og oljeplattformer, men òg til små og store lause ting som blomekasser og takelement.
Betong blei utvikla og teken i bruk på 1800-talet, og bruken blei vidareutvikla gjennom heile 1900-talet. Materialet er særleg knytt til funskjonalistisk arkitektur, men er også brukt i andre typar bygg, som det ekspresjonistiske Operahuset i Sydney.