Big Country | |||
| |||
Aktiv | 1981– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | alternativ rock | ||
Plateselskap | Mercury Records |
Big Country er ei skotsk rockegruppe frå Dunfermline, skipa av Stuart Adamson og Bruce Watson i 1981. Dei tidlege albuma til gruppa var prega av ein mix mellom rock, new wave og skotsk folkemusikk. Mellom anna klarte Bruce Watson å nokre gonger få gitarane til å likna på sekkepiper. Bandet slo gjennom i 1983 med debutalbumet The Crossing, og var mest populært ved byrjinga og midten av 1980-talet. Gruppa blei oppløyst i 2000.
Adamson blei funnen død 16. desember 2001. 21. juli 2007 blei det halde ein minnekonsert for han av dei gjenverande medlemmene av bandet. 21. september 2012 meldte bassisten i bandet, Tony Butler, at han kom til å forlate gruppa.[1][2] Bandet kom til å fortsetja å opptre utan han.