Billy Joel

Billy Joel

Billy Joel ved opninga av 2009-sesongen ved Metropolitan Opera.
Fødd9. mai 1949 (75 år)
FødestadThe Bronx i New York by i USA
FødenamnWilliam Martin Joel[1]
OpphavUSA
Aktiv1964 til i dag
SjangerRock, poprock, rock and roll, softrock, klassisk[2]
InstrumentVokal, piano, orgel, klaverinstrument, gitar, munnspel, trekkspel
Kjende instrumentSteinway piano[3]
Stemmetypetenor
PlateselskapColumbia, Family Productions, Sony Classical
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, pianist, komponist
FarHoward Joel
Gift medChristie Brinkley, Katie Lee, Alexis Roderick
BornAlexa Ray Joel, Della Rose Joel
PrisarGrammy Legend Award, MusiCares Person of the Year, Grammy Award for Album of the Year, Kennedy Center Honors, Gershwin Prize, Johnny Mercer Award, æresdoktor ved Hofstra Universitet, honorary doctor of Syracuse University, æresdoktor ved Stony Brook University, stjerne på Hollywood Walk of Fame, ASCAP Foundation Champion Award, Rock and Roll Hall of Fame

William Martin «Billy» Joel (fødd 9. mai 1949) er ein amerikansk pianist, songar-låtskrivar og komponist. Etter at han gav ut den første hitten sin, «Piano Man», i 1973, vart Joel den sjette mestseljande artisten og den tredje mestseljande soloartisten i USA.[4] Samlealbumet Greatest Hits Vol. 1 & 2 er den tredje mest selde plata i USA.[5]

I 1970-, 1980-, og 1990-åra hadde Joel i alt 33 hittar i USA på topp 40-lista, alle skrivne av han sjølv. Han har vunne Grammyprisen seks gonger og vore nominert 23 gonger gjennom karrieren sin. Han har selt meir enn 150 millionar album verda over, noko som gjer han til ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.[6]

Joel vart innlemma i Songwriters Hall of Fame (1992), Rock and Roll Hall of Fame (1999) og Long Island Music Hall of Fame (2006). I 2001 fekk Joel Johnny Mercer-prisen frå Songwriters Hall of Fame. I 2013 fekk Joel Kennedy Center Honors, den høgaste æresprisen i USA, for å ha påverka amerikansk kultur gjennom musikken sin. Med unntak av songane «All My Life» og «Christmas in Fallujah» i 2007, stoppa Joel å skrive og gje ut musikk i 1993 med River of Dreams. Han har likevel halde fram å turnere og spelar songar frå heile karrieren sin på konsertane.

  1. Billy Joel Biography. billyjoel.com. Henta 26. august 2014.
  2. Explore: Soft Rock | Top Artists | AllMusic, arkivert frå originalen 3. april 2011, henta 3. april 2011 
  3. Edmondson, Jacqueline (2006). Condoleezza Rice: A biography. The United States: Greenwood Publishing Group. s. 22. ISBN 978-0-313-33607-2. 
  4. Top Selling Artists. RIAA. Henta 8. juni 2012.
  5. «Top Selling Albums». RIAA. Henta 26. august 2014. 
  6. Gamboa, Glenn (September 12, 2013). «Billy Joel named Kennedy Center honoree». Newsday. Henta 26. august 2014. 

Developed by StudentB