Birmingham | ||
---|---|---|
Frå øvst til venstre: Birmingham City Centre frå vest; Selfridges i Bull Ring; Birmingham Town Hall; St Philip's Cathedral; University of Birmingham; Alpha Tower. | ||
Kallenamn ««Brum», «Brummagem», «The Second City», «City of a thousand trades», «Workshop of the World»» | ||
Motto «Forward» (Framover) | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | West Midlands | |
Grunnlagd | 500-talet | |
Borgarmeister | Yvonne Mosquito | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
267,77 km² | |
Innbyggjarar - By (2008 est.) - folketettleik - Storbyområde |
1 016 800 3 797,3 /km² 2 284 093 | |
Koordinatar | 52°28′59″N 1°53′37″W / 52.48306°N 1.89361°W | |
Høgd over havet | 140 moh | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | B | |
Telefon-retningsnummer | 0121 | |
Nettstad: www.birmingham.gov.uk | ||
Birmingham er den nest største byen i England med kring ein millionar innbyggjarar. Han ligg i det seremonielle grevskapet West Midlands, og er administrasjonsby for regionen Vest-Midlands. Byen er ei sameint styresmakt. Tek ein med omkringliggande byar, som i praksis er forstader til Birmingham, er folkesetnaden rundt 2,2 millionar.
Byen går ofte under kallenamnet Brum, og dialekten som blir snakka der kallast Brummie. Eit eldre, lokalt namn på byen er Brummagem.
Birmingham har ein av dei mest etnisk og kulturelt blanda folkesetnadane i Storbritannia. Det er store grupper frå Vestindia og India, og ei stor gruppe frå Irland, og dessutan mange innslag av menneske frå andre delar av verda. Paraden til byen på St. Patricks dag er den tredje største i verda, etter New York og Dublin.
Det er omkring 60 km med kanalar innanfor bygrensa, og dei fleste av dei er enno farbare. Kanalane var sentrale i veksten til byen under den industrielle revolusjonen. Det blir ofte nemnt at Birmingham faktisk har fleire kilometer med kanalar enn Venezia; det er korrekt, men ei urettferdig samanlikning då Birmingham er ein særs mykje større by.
Byen er mellom anna kjend for fotballklubbane Aston Villa F.C. og Birmingham City F.C..