Black Mountain (walisisk Y Mynydd Du) er ei fjellkjede i midtre og vestlege delar av Wales, på grensa mellom Carmarthenshire og Powys. Det er den vestlegaste fjellkjeda i Brecon Beacons nasjonalpark. Det høgaste punktet er Fan Brycheiniog (802 moh). Black Mountain er òg ein del av Fforest Fawr Geopark.
Black Mountain må ikkje forvekslast med Black Mountains aust i nasjonalparken, heller ikkje den 702 meter høge toppen Black Mountain, som er ein del av fjellkjeda.