Bladmosar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Bladmosar Bryophyta Schimp., 1879 |
Bladmosar er ei gruppe landplantar utan blomar som formeirer seg ved hjelp av sporar. Dei kan skildrast som dei mjuke og grøne vekstane ein finn på fuktige stader, som i skogen og på berg. Plantane i gruppa har dei kjenneteikna at gametofytten har blad, og at rottråden (rhizoid) er fleircella.
Det finst rundt 12 000 artar av bladmosar.[1] Dei utgjer ei svært viktig plantegruppe, i og med at dei ofte er den første vegetasjonen som veks på berre landområde. I nokre habitat utgjer dei dei einaste landplantane, men bladmosar finst også i dei fleste andre miljø saman med andre plantar.