Bo Diddley | |||
| |||
Fødd | 30. desember 1928 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | McComb, Magnolia | ||
Død | 2. juni 2008 Archer i Florida i USA | ||
Dødsstad | Archer | ||
Fødenamn | Ellas Otha Bates | ||
Alias | Ellas McDaniel | ||
Opphav | McComb, Mississippi i USA | ||
Aktiv | 1951—2008 | ||
Sjanger | Rhythm and Blues Rock 'n' roll Bluesrock | ||
Instrument | Vokal, gitar, fiolin, synthesizer, el-piano, piano, orgel, perkusjon, trommer | ||
Plateselskap | Checker Records, Chess Records, BoKay Productions, RCA Victor, MF Productions, Triple X Records, Atlantic Records | ||
Verka som | Låtskrivar, musikar | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Florida Artists Hall of Fame, Rock and Roll Hall of Fame, æresdoktor ved University of Florida |
Bo Diddley (30. desember 1928–2. juni 2008), fødd Ellas Otha Bates, var ein viktig amerikansk rock and roll-artist og låtskrivar. Han var kjend som The Originator på grunn av rolla si i overgangen frå blues til rock and roll, og påverka andre legendariske artistar som Buddy Holly, Eric Clapton og Jimi Hendrix.[1] Han innførte ein meir pågåande, drivande rytme, ein hardare gitarstil og skreiv mange songar. For dette vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og fekk òg Rhythm and Blues Foundation sin ærespris.[2] Han var òg kjend for dei tekniske nyvinngane sine, og eit av kjennemerka hans var ein firkanta gitar.