Breksje

Basaltbreksje med grøn matriks som består av epidot.
Neugrundbreksje, består hovudsakleg av gneis og amfibolitt, som følgje av eit meteorittnedslag 540 millionar år sida.
Megabreksje (venstre) ved Titus Canyon Narrows
Tertiær breksje ved Resting Springs Pass i Mojaveørkenen i California.

Breksje (frå italiensk breccia, 'laus grus, brotstykke') er ein bergart som består av skarpkanta, lett synlege brotstykke av mineral eller steinar, som har vorte sementert i lag av ein finkorna matriks.[1] Matriksen kan vere både lik eller forskjellig frå brotstykka.

Breksje kan ha mange forskjellige opphav, noko som namnet på dei forskjellige typane viser til. Desse er sedimentær breksje, eruptivbreksje, eksplosjonsbrekkje, rivningsbreksje (tektonisk breksje) og nedslagsbreksje (impaktbreksje).

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. desember 2001, henta 27. september 2010 

Developed by StudentB