Brian Connolly

Brian Connolly

Fødd5. oktober 1945(1945-10-05)
FødestadGovanhill i Glasgow i Skottland
Død9. eller 10. februar 1997 (51 år)[1]
DødsstadSlough i England
FødenamnBrian Francis Connolly
OpphavHarefield i England
Aktiv1963–1997
SjangerGlamrock, hardrock, tyggegummipop, countryrock
Instrumentbass, gitar, tangentinstrument, vokal
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Sweet
PlateselskapPolydor, Carrere, RCA
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, skodespelar

Brian Francis Connolly (5. oktober 19459. februar 1997) var ein skotsk songar-låtskrivar, musikar og skodespelar, mest kjend som frontmann og songar i glamrockbandet The Sweet mellom 1968 og 1979.[1]

Connolly song i Sweet frå bandet vart skipa. I 1974 vart han hardt skadd i ein slosskamp på ein nattklubb i Staines og skadde halsen så pass at han ikkje kunne syngje på ei stund og permanent mista noko av rekkjevidda i røysta si. Connolly sleit òg med alkoholisme i midten av 1970-åra, og i 1979 vart han kasta ut av bandet.

I 1980-åra starta Connolly opp sin eigen variant av The Sweet, som han hadde fram til han døydde i 1997. Han gav òg ut soloalbum.

  1. 1,0 1,1 «Brian Connolly - Sweet No More». New Straits Times. s. 23. Henta 9. februar 2018. 

Developed by StudentB