Република България Republika Bălgarija (norsk: Bulgaria, bulgarsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Mila Rodino» | ||||||
Motto | Съединението прави силата (Bulgarsk: Samhald gjev styrke) | ||||||
Offisielle språk | Bulgarsk | ||||||
Hovudstad | Sofia | ||||||
Styresett |
Republikk Rumen Radev Dimitar Glavchev | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
110 879 km² (104.) 0,3 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
7 101 510 (100.) 64 /km² (118.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Det osmanske riket 3. mars 1878 22. september 1908 | ||||||
Nasjonaldag | 3. mars | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
133 900 mill. USD (75.) 18 700 USD (70.) | ||||||
Valuta | Lev | ||||||
Tidssone | UTC +2 | ||||||
Telefonkode | +359 | ||||||
Toppnivådomene | .bg
|
Republikken Bulgaria ligg i søraust i Europa og grensar til Svartehavet i aust, til Hellas og Tyrkia i sør, til Serbia og Nord-Makedonia i vest, og til Romania over elva Donau i nord. Frå og med 1. januar 2007 er Bulgaria medlem i EU.
Landet har fått namn etter bulgararfolket, som leia av khan Asparoukh kom inn på nord-balkanske landområde og blanda seg med slaviske og thrakiske innbyggjarar. Den første bulgarske staten blei til i 681, og landet var ei viktig europeisk stormakt på åtte- og nihundretalet. Det kjempa mellom anna mot Det bysantinske riket om kontroll over Balkan.
Det bulgarske språket er eit slavisk språk i slekt med t.d. russisk og serbisk.