Byar i Noreg er ei liste over 104 byar i Noreg. Desse er blitt til i ein urbaniseringsprosess som tok til for meir enn tusen år sidan. 64 av desse er anten blitt til i mellomalderen eller dei er tildelte bystatus av konge eller statsmakt. Dei 40 yngste blir kalla 'byar' etter vedtak i eigen kommune. Dette har skjedd etter endring av Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1996.
For å kalla seg by i dagens Noreg må ein kommune ha bystatus frå før 1996 eller ha minst 5 000 innbyggjarar (i kommunen) og ein bymessig tettstad med handels- og servicefunksjonar og konsentrert busetnad.[1] Frå 1996 kan kommunestyret sjølv vedta at kommunen kan kalla seg by. Dette føreset at kriteria i regelverket er innfridde, men gjev ingen rettar ut over det å kalla seg by.